Hopp til hovedinnhold

Kr. 1 million til skulen og barneheimen i Monsefú!

Overrekking av sjekk til prosjekt Peru

Sist veke var det sjekk-overrekking for dei innsamla midlane som elevane ved Thor Heyerdahl vgs, Melsom vgs, Re vgs , Holmestrand vgs og Voss vidaregåande skule fekk inn gjennom sin arbeidsinnsats på solidaritetsdagen i 2021.

Under sjekk-overrekkinga som føregjekk ved Voss vgs deltok Ingjerd Beate Larsen, Trond H. Manvik og Svein Inge Styve frå styret i Prosjekt Peru.

Sjekken på 1 million vart overrekt til elevrådsleiar ved Voss vgs, Håvard Fosse, som i sin tale sa at det var fantastisk at kun ein dags arbeidsinnsats frå elevane på dei fem vgs skulane kunne bety så mykje for elevane og barna som er på skulen og barneheimen i Monsefú!

Tusen takk for stor og god innsats frå alle elevane som var med på solidaritetsdagen i 2021!