Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Sittegruppe med bokhyller i bakgrunnen.

Biblioteket har skjønnlitteratur, fagbøker og engelske bøker til utlån.

Me har sittegruppe til gruppearbeid og gode stolar der du kan slappe av i fred og ro. Me har også brettspel til bruk i biblioteket.

Skulebiblioteket er betjent:

  • Tysdag: kl. 08.00 - 15.30
  • Torsdag: kl. 08.00 - 15.30
    I tillegg siste fredag i kvar månad: kl. 08.00 - 15.30

Utlån av lærebøker

Når du startar på skulen må du underteikne ein lånekontrakt. Er du under 18 år må også føresette underteikne. Du kan då låne gratis lærebøker. Du er sjølv ansvarleg for det du har lånt. Om du mistar eller øydelegg noko må du erstatte det.
Digital signering av utlånskontrakt

Utlån av lærebøker, bibliotekbøker og/eller anna materiell

  1. Tilbakelevering

Lånetida for lærebøker og/eller anna materiell er 1 skuleår. Det utlånte materiellet skal leverast tilbake i god stand ved skuleåret sin slutt, seinast siste skuledag kvart skuleår. Dersom eleven sluttar eller byter skule tidlegare, skal det utlånte materiellet leverast attende seinast 14 dagar etter sluttdato.

Eleven må levere tilbake det same eksemplaret som vart lånt ut. Det er viktig å hugse på og ta omsyn til at det utlånte materiellet skal brukast av andre elevar etterpå, jf. gjeldande ordensreglement.

Bibliotekbøker skal leverast tilbake i samsvar med reglane skulebiblioteket har for utlån.

  1. Tilstand

Det utlånte materiellet skal leverast tilbake i same tilstand som ved utlån, med unntak av normal slitasje. Dette inneber at bøkene/skuleutstyret skal vere reine, vere utan skrift, markeringar eller liknande og at strekkoden skal vere heil. Eleven kan likevel skrive namnet sitt på innsida av permen på lærebøkene.

  1. Erstatningsansvar

Dersom utlånt materiell vert øydelagt, ikkje vert levert attende eller elles kjem bort, er eleven eller føresette erstatningspliktige etter denne avtala og etter reglane i skadeserstatningslova §§ 1-1 og 1-2. Det vert ikkje kravd erstatning for normal slitasje som følgjer av vanleg bruk.

Skulen vil i tilfelle sende eleven/føresette faktura med krav om betaling for kostnaden med kjøp av ny bok/utstyr. Faktura vert ikkje trekt tilbake sjølv om det utlånte materialet seinare vert levert inn. Ved manglande betaling innan fristen, vert det sendt purring før kravet vert sendt til inkasso.

  1. Felles innkjøp skulemateriell/-utstyr

Dersom læremiddel/skuleutstyr som eleven skal halda sjølv vert innkjøpt felles for klasse, og skal dekkast av kvar einskild elev i klassen, vert eleven økonomisk ansvarleg for sin del.

  1. Anna skulemateriell og utstyr

Ved utlån eller sal av anna skulemateriell/-utstyr som ikkje er dekka av punkta over, kan det vera fastsett eigen leigesum/salssum.

  1. Mat

Ved avtale om mat på skulen, pliktar eleven å betale for dette.

  1. Låne-PC

PC kan lånast inntil fem verkedagar når eleven har si maskin til reparasjon. Eleven må gi beskjed til skulen dersom eleven vil forlenge lånet. Lånet kan forlengast inntil fem verkedagar.

Dersom låne-PC vert øydelagt eller ikkje vert levert tilbake innan fristen er eleven/føresette erstatningspliktig. Ved reparasjon av låne-PC må elev/føresette betale 50 % av reparasjonskostnaden. Om låne-PC ikkje vert levert inn att må elev/føresette betale innkjøpskostnaden minus avskriving (avskrivingstida er 4 år). Når faktura er motteken er det for seint å levere tilbake låne-PC.

Lånekort og ID-kort

  1. Lånekort

I samband med utlån av lærebøker/materiell kan eleven få tildelt nasjonalt lånekort. For å få nasjonalt lånekort må eleven gje samtykke til at fødselsnummer vert lagra i Felles låneregister. Elevar som ønskjer nasjonalt lånekort må ta kontakt med skulen sitt bibliotek for å gje slikt samtykke. Nasjonalt lånekort kan nyttast i heile landet, på alle bibliotek. Dersom eleven ikkje ønskjer å registrere fødselsnummer, vil kortet berre kunne nyttast på skulen.

For å få lånekort må eleven vise legitimasjon og signere denne låneavtalen.Ved tap kostar nytt lånekort kr. 20.

  1. ID-kort

Ved tap av ID-kort eleven har fått utdelt frå skulen, pliktar eleven å erstatte tapet. Erstatningsplikta er avgrensa til kostnaden med utskriving av nytt kort.

Kjeldekritikk og kjeldebruk

Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.

Du kan ikkje klyppe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Det kan du lære meir om på nettsida til Nasjonal digital læringsarena, NDLA.

E-bøker

Du kan låne e-bøker og e-lydbøker gratis. Last ned biblioteka sin app Bookbites, og logg inn med Feide. Bøkene blir automatisk levert tilbake.
Mange eldre norske bøker kan lesast på Nasjonalbiblioteket si nettside. 

Lånekort

Om du har fått lånekort på biblioteket, kan du få lånekortet på mobilen ved å laste ned Bibliofilappen. Då har du lånekortet tilgjengeleg. Logg inn i appen med lånenummer og pinkode. Appen gir tilgang til alle bibliotek som brukar Bibliofil. Om du ikkje har lånekort, kan du registrere deg og få digitalt nasjonalt lånekort. Det kan du bruka på alle bibliotek og få tilgang til ulike digitale tenester.

Søk etter bøker i katalogen

Søk etter bøker hjå Voss vgs

Spørsmål?

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Ingeborg som er bibliotekar:
e-post eller telefon 56 53 22 31/989 05 385