Hopp til hovedinnhold

Karakterar og vurdering

Her finn du informasjon om terminkarakterar, standpunktkarakterar, fritak frå fag og informasjon om korleis du klagar på karakterar.

Terminkarakterar

Terminkarakterar får du når eit fag ikkje er avsluttande. Det er undervegsvurdering i eit fag og du kan ikkje klage på terminkarakteren.

Standpunktkarakterar

Standpunktkarakterar er karakterar som vert gitt ved avslutninga av opplæringa i eit fag og skal førast på vitnemålet. Elevar som ikkje har bestått eit fag (karakter 1) kan få høve til å gå opp til «særskilt eksamen» påfølgjande haust. Eleven er sjølv ansvarleg for å melde seg til eksamen og må ta kontakt med rektor innan 1. september same året for oppmelding til slik eksamen.

Elevar som har fått IV (ikkje vurdering) som standpunktkarakter i eit fag mistar eksamensretten i faget og må sjølv melde seg som privatist i dette faget. Eleven må ta kontakt med privatistkontoret for oppmelding til slik eksamen.

Fritak for fag og vurdering med karakter

Rektor kan, etter søknad og framlegging av dokumentasjon:

  • frita elevar frå fag som inngår i fagfordelinga dersom eleven har bestått likeverdig eller meir omfattande opplæring i faget.
  • frita elevar frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål, i samsvar med forskrift til Opplæringslova.
  • frita elevar frå kroppsøvingsfaget, om ein kan dokumentera at deltaking er til skade for eleven.
    Elevar med fritak i sidemålsvurdering har ikkje fritak frå faget. Dei skal fylgja faget og ha skriftleg undervegsvurdering utan karakter i faget.

Klage på karakter

Elevar som ynskjer å klage på standpunktkarakterane har 10 dagars frist (frå og med den dagen karakteren er gjort kjent for eleven). Eleven kan kreve grunngiving for karakteren før eleven avgjer om han/ho vil klage. Retten til grunngiving gjeld ikkje på skriftlege eksamenskarakterar.

Udir sin informasjon om klage på standpunktkarakter

Korleis klage?

Standpunktkarakter: Sjå instruksjonar

Eksamenskarakter: skriftleg klage, med underskrift, til rektor. Ved skriftleg eksamen treng du ikkje grunngi klagen, ved munnleg eksamen skal klagen grunngjevast.

Privatistar: skal klage til privatistkontoret.

Klagefrist

Klagefristen er 10 dagar. Fristen vert rekna frå den dagen du vart kjent med karakteren eller hadde høve til å verta kjent med karakteren. Det er i VIS karakterane vert offentleggjort fyrst.