Hopp til hovedinnhold
Voss vgs sett utanfrå.

Voss vidaregåande skule

Voss vidaregåande skule har omlag 400 elevar fordelt på fem utdanningsprogram. Me har både yrkes- og studiespesialiserande fag og arbeidstrening. Me tilbyr elevane ei god og framtidsretta utdanning, og har internasjonalt samarbeid med fleire skular. Som elev ved Voss vgs vil du få utvikla kompetanse og kunnskap innan det fagfeltet du interesserer deg for. Voss vgs er skulen som gjer deg klar til næringsliv og høgare utdanning!

VIP – snakk om det: Veiledning og Informasjon om Psykisk helse i skulen

Voss vidaregåande skule er med på eit nytt og spennande program som har til føremål å gi meir informasjon om eiga helse og korleis ivareta andre: VIP – SNAKK OM DET.
Voss vgs

Vaksenopplæring 2026-2027

Skuleåret 2026/2027 tilbyr me Gartnar vg2 og vg3 og Kokkfaget vg1, 2 og 3. Du finn informasjon om fagtilbodet for vaksne her.

Aktuelle saker

05.02.2026

Foreldremøte vg1 og vg2

Me inviterer foreldre/føresette til elevar på vg1 og vg2 til foreldremøte tysdag 10. februar kl. 18:00 med foredrag av Marco Elsafadi.

09.12.2025

Elevinfo skuleåret 2025-2026

Her finn du praktisk elevinfo.

05.08.2025

Låneavtale for lærebøker og anna utstyr

Før du låner lærebøker på skulen, må du signera ein digital lånekontrakt. Dette gjeld elevar på alle trinna. Er du under 18 år skal også føresette underteikna.

03.07.2025

Informasjon om elev-pc

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan kjøpe ein subsidiert PC gjennom Vestland fylkeskommune.