Hopp til hovedinnhold

Naturbruk

To naturbrukselevar ser utover landskapet frå fjelltopp.

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 1-2 år på skule, og så ta fagbrev. Du kan også gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Kvifor velja naturbruk?

Naturbruk er ein praktisk og spanande veg til yrkeskompetanse eller til studiekompetanse. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

På vg1 naturbruk har me tre studietilbod:

Med generell studiekompetanse kan du søkja deg inn på høgskular og universitet. Med fordjuping i realfaga vil dei aller fleste studieretningar vera opne for deg. Kompetanse innan naturbruk vert verdsett i stadig fleire yrke:

  • ved oppstart av eiga verksemd
  • i arbeid innan grøn omsorg, med born og unge og menneske med særskilte behov
  • lærar, politi, psykolog, sjukepleiar, fysioterapeut og IT-kandidat
  • gardbrukar
  • rettleiar innanfor landbruk
  • sivilagronom, advokat, bioteknolog

Vg1 landbruk

Vil du ha ei praktisk utdanning med grøne verdiar?

I praktiske øvingar lærer du om stell og foring av dyra, stell av og hogst i skog . Du får opplæring på traktor og landbruksutstyr som vert brukt i drifta av skulegarden. Opplæringa handlar også om ulik bruk av naturen, foredling av råvarer som kjøt og ull, og du får opplæring i jakt og fiske.

Etter vg1 landbruk går du vidare på vg2 landbruk og gartneri, eller du kan og velja ei av dei andre vg2-linjene på naturbruk.

Vg1 villmark

Villmarkslinja byr på eit vidt spekter av naturrelaterte aktivitetar som klatring, skiturar, rafting, jakt og fiske. Om du vil ha studiekompetanse og samtidig ein aktiv og spennande kvardag er dette utdanninga for deg.

Gjennom året på vg1 får du vera med på og læra deg basiskompetanse om fjellturar, jakt og fiske, klatring, padling, rafting og brevandring. Etter vg1 villmark går du vidare på vg2 villmark eller du kan og velja ei av dei andre vg2-linjene på naturbruk.

Vg1 hest

På vg1 har me fokus på grunnleggande hestekunnskap i kombinasjon med utvikling av dine ferdigheiter som ryttar og/ eller kusk. Du får muligheita til å prøve ut ulike greiner innan hestefag. Du kan også sjølv velje å fordjupe deg innan eit spesielt interessefelt seks timar i veka.

Det er ikkje nødvendig å ha med eigen hest. Men om du ynskjer det, er det stallar i nærområdet til oppstalling av hest. Hestefaget kan kombinerast med både generell og spesiell studiekompetanse. Etter vg1 kan du gå vidare til vg2 hest- og hovslagarfag, eller du kan velja ei av dei andre vg2-linjene på naturbruk.

Elevar i fjøset med kyr.

Informasjonsfilmar

Her kan du sjå informasjonsfilmar om naturbruk.



Vg2 landbruk og gartnarnæring

Her får du auka din kompetanse om husdyr, plantar, skogen, foringsutstyr og traktor. Du får delta i praktiske øvingar både inne i fjøsen og ute på enga. Du får vera med på å ta i mot lam om våren og vera med å sanka dei inn om hausten.

Du får ei svært allsidig opplæring, med tema som innhausting, foredling av kjøt og fisk, verkstad og skog. Gjennom året får du fleire kompetansegjevande kurs:

  • plantevernkurs
  • jegerprøven
  • varmearbeid
  • levande skog


Etter vg2 landbruk er du kvalifisert for å gå på vg3 landbruk og få yrkeskompetanse som agronom. Du kan dessutan gå på vg3 naturbruk som gir generell studiekompetanse.

Vg2 villmarksliv

Andre året på villmarksliv får du fordjuping i sentrale tema. Du lærer om det å vera guide innan rafting, padling, ski, klatring og jakt og fiske. Etter gjennomført vg2 har du fått med deg jegerprøven, brattkort i klatring, våtkort, skredkurs og kurs i elvepadling.

Gjennom skuleåret får du vidareutvikla dei praktiske og teoretiske basisferdigheitene du fekk på vg1.

Etter vg2 villmarksliv er du kvalifisert for å gå på vg3 naturbruk og ta generell eller spesiell studiekompetanse.

 

Vg2 heste- og hovslagarfag

På vg2 får du vidareutvikla kompetansen din i hestefag. Du får utfyllande kunnskap om stell av hesten, korleis driva ein profesjonell stall og kunnskap om hesten si helse. Du får også yrkesrelevant praksis i ei hestebedrift ein dag i veka.

Skulekvardagen din kan i stor grad tilpassast di hesteinteresse, anten det er klassisk riding og køyring, sprang og dressur eller ekstrem hest.

Hestefaget kan kombinerast med både generell og spesiell studiekompetanse. Etter vg2 kan du gå vidare til vg3, eller du kan gå ut i lære og ta fagprøve etter 2 års læretid.

Vg3 landbruk

Dette året vil føra deg fram til yrkeskompetanse som agronom, og du er klar til å gå ut i arbeidslivet etter Vg3-året.

Vg3 landbruk gjev deg ein praktisk og yrkesretta skulekvardag. Du får vera med å planleggja og gjennomføra praktiske øvingar, får ansvar for mjølking og stell av dyra. I tillegg lærer du om økonomiske investeringar og kostnader rundt moderne og lønsam gardsdrift.

Etter vg3 landbruk er det mogeleg å ta eit påbyggingsår som gir deg studiekompetanse.

Vg3 naturbruk (studiespesialiserande)

Vg3 naturbruk gjev deg generell eller spesiell studiekompetanse.

Om du har gått på villmark, hest eller landbruk er du kvalifisert til å gå på vg3 naturbruk og etterpå få generell studiekompetanse.

Dette utdanningsløpet opnar for 5 timar hest per veke på vg3. Har du brukt timane i faget prosjekt til fordjuping til å skaffa deg ekstra poeng og kompetanse i matematikk, biologi og kjemi? Då har du også spesiell studiekompetanse. Denne gjev deg studiekompetanse til mellom anna veterinærstudiet.

Vegen vidare

Etter to å på skule kan du søkje læreplass i ei godkjend lærebedrift. Sjå
meir om det å bli lærling.

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.

Dei som har teke studiekompetanse kan søkje på høgare utdanning gjennom Samordna opptak.