Elektro og datateknologi

Installasjon av elektrisk utstyr

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velja elektro og datateknologi?

Om du tek elektro og datateknologi vil du kunne velja mellom mange ulike yrke for installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

Vg1 er felles for alle som tek elektro og datateknologi. Skulen vår har to klassar med til saman 30 elevplassar i dette faget. På vg 2 kan du ta elenergi og ekom hjå oss.

Vg1 elektro og datateknologi

Første året vil du få grunnleggjande kunnskap om data- og elektronikksystem, elenergisystem og automatiseringssystem.

Du vil lære planlegging, montering, drifting, og feilsøking for

  • kommunikasjonssystem for tele- og datasamband
  • elektriske installasjonssystem for lys- og varmestyring
  • for databehandling
  • automatiseringssystem


Du vil lære å utføre arbeid i samsvar med krav til tryggleik, miljø og kvalitet, lover og forskrifter.

Utviklinga innan elektrofaga skjer raskt, og mange verksemder har stor internasjonal kontakt. Gode teoretiske og praktiske kunnskapar i fagområdet, i tillegg til språkkunnskapar, er difor viktig.

elevar i arbeid på elektroverkstaden

Elevar i arbeid på elektroverkstaden

Her kan du sjå informasjonfilmar om elektro og datateknologi.



Vg2 elenergi og ekom

Programfaga dette året er:

  • elektronisk kommunikasjon
  • elenergi og styresystem

Du skal kunne reflektere over resultat og bruke digitale verktøy ved dokumentasjon og feilsøking i arbeidsoppgåver.

Du vil vera i praksis, ute i ei bedrift, i periodar gjennom skuleåret. Praksisen vert gjennomført i to periodar gjennom skuleåret.

Vg2 elenergi og ekom handlar om å utvikle kompetanse for å utføre arbeid på elektriske anlegg, installasjonar, utstyr og maskiner. Faget skal bidra til at arbeidslivet får kvalifiserte fagarbeidarar som kan vere med og bygge, drifte, vedlikehalde, og vidareutvikla eit stadig meir teknologisk samfunn.

Du kan bli lærling etter 2 år på skule.

Du kan og ta generell studiekompetanse enten før eller etter du har tatt fagbrev, då kan du søkja høgare utdanning ved høgskular eller universitet. Hugs at nokre studiar som ingeniør forutset at du har visse realfag. Du kan også søkja opptak til høgare utdanning etter forkurs eller gjennom Y-vegen, yrkesfagleg veg til høgare utdanning. Y-vegen er berekna for deg som har relevant yrkeskompetanse. Etter fagbrev kan du søkja fagskuleutdanning.
Sjå meir om Y-vegen her

Bli lærling

På elektro og datateknologi er det vanleg med 2 år i skule og 2,5 år i lære. Du kan søkje læreplass etter vg2. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.

Lurer du på korleis du søkjer læreplass eller kva som er godkjente lærebedrifter? 
Sjå meir om korleis du blir lærling