Hopp til hovedinnhold

Korleis bli lærling

Det er vanleg å gå ut i lære for å ta fagbrev etter fullført Vg2 i dei fleste yrkesfaga. Du må sjølv søkje læreplass. Her er nokre tips om kva du kan gjere.

Finn godkjent lærebedrift

Kanskje veit du om ei bedrift der du ønskjer å søkje læreplass? Viss ikkje kan du finne lista over godkjente lærebedrifter på vilbli.no. Du kan og kontakte ditt lokale opplæringskontor.

Søk læreplass

Det er fleire måter å søke læreplass på. Du kan sjølv oppsøkje bedrifter eller sende ein søknad. Store bedrifter har ofte eigne opptak av nye lærlingar. Uansett kva du vel tilrår me at du søkjer gjennom vigo.no for å sikre at søknaden er registrert hos fylkeskommunen. 

Lærekontrakt

Når du har fått læreplass inngår du ein kontrakt med bedriften. Då blir du lærling. Bedrifta har ansvar for at du får den opplæringa du treng for å gå opp til fagprøve.

Fag- eller sveineprøva

Lærlingeperioden blir vanlegvis avslutta med fag- eller sveineprøva. Den blir laga med utgangspunkt i læreplanen i faget ditt og består av fire delar:

  • Planlegging
  • Gjennomføring
  • Vurdering
  • Dokumentasjon

Rettar og plikter som lærling

Som lærling er du under opplæring samstundes som du er arbeidstakar. Du har difor rettar knytt til både opplæringslova og arbeidsmiljølova, lovdata.no

Ingen læreplass?

Får du ikkje læreplass vil opplæring i skule vera eit alternativ, anten innan eige fagområde eller påbygg til generell studiekompetanse for å ta studiekompetanse.