Internatet er eit trygt og fint tilbod for deg som skal gå på vidaregåande skule på Voss. Du bur på eige hybelrom, men i eit fellesskap med andre elevar. Det er alltid nokon å vera ilag med utover kvelden. Internatet er plassert på Rogne og det er kort veg til dei to vidaregåande skulane, til butikkar og til buss/tog frå Voss sentrum.
Fritidsaktivitetar
Internatet legg til rette for ulike aktivitetar for dei som bur der:
- Det er quiz-kveldar, speling av dataspel saman med andre, kortspel og brettspel. Dette skapar engasjement og trivsel for alle her.
- Det er laga til eit mediarom ( til leksebruk/ film/ musikk) og eit trimrom.
- I gymsalen på Voss gymnas er det ballaktivitetar tysdagar kl.19.00 – 21.00.
- Ungdomshuset ved Tinghusplassen har ope måndagar og onsdagar kl. 15 - 21.
Skuleåret 2023/2024 vil me ha samarbeid med Utekontakten/ungdomshuset som har aktivtetar ein gong i månaden. Fram til jul vil dei ha vafler/quiz, tur med Gondolen, bowling og pizza, quiz og pizza, biljardturnering i ungdomsklubben Gryto.



Transport til skule
Det er gå- eller sykkelavstand til dei to vidaregåande skulane på Voss. Kvar morgon går det buss til Voss vgs i Skulestadmo kl 07.45 og det gjer at elevar kan få seg frukost i skulen si
kantine før skulestart.
Kjøkken
Kvar etasje har kjøkken og opphaldsrom. På kjøkkenet er det m.a kjøleskåp, frysar, mikrobølgeovn, oppvaskmaskin, og TV og sofa på opphaldsrommet.
Hybelen
På rommet ditt er det seng med madrass (90x200), vask med spegel og eit garderobeskåp. Dei fleste tek med seg eige skrivebord og stol, elles har me elevpultar me kan setje inn. Du ordnar gardin (160 høgde x135 breidd) , dyne og pute. Vaskeutstyr (mopp/bøtte/klut) til å vaska rommet ditt må du ha, i kvar etasje står det ein støvsugar til din disposisjon.
Hybelprisen er pr. månad for
dublettrom kr 4500,-
enkeltrom kr 4800,-

Vaskerommet
På vaskerommet er det fire vaskemaskiner og fem tørketromlar. I tillegg har me rom til å tørke klede, sko og liknande. Vaskemiddel held du sjølv.
Vekking
Kvar morgon har nattevakt ein morgonrunde med vekking for dei som ynskjer.
Tilbod om mat på Voss vidaregåande
Kantina tilbyr «ei matpakke» med frukost og middag, den gjeld for alle elevar. Du kan også laga deg niste om morgonen. For skuleåret 2023/2024 er prisen for denne matpakka kr 1800 pr mnd.
Søknadsskjema internat (pdf)
Søknadsskjema internat (docx)
Søknadsskjema mattilbod (pdf)
Søknadsskjema mattilbod (docx)
Til deg som søkjer om internatplass:
Når du søkjer om internatplass, skal du samtidig svare på dette skjemaet som gjeld internatet.
Velkomen til Rogne internat (pdf).
Kontakt internatet
Internatleiar Gyri Bergstrøm tlf 902 99 915
Miljøarbeidar tlf 952 34 602
Nattevakt tlf 952 34 602
Voss vgs tlf 56 53 22 00