Hopp til hovedinnhold

Restaurant- og matfag

Middag laga av restaurant- og matfag elevane.

Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg. Du kan gå 2 år på skule og deretter bli lærling. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velja restaurant- og matfag?

Restaurant- og matfag er faga for deg som er interessert i servering, matforedling og matproduksjon. Me tilbyr stor variasjon og breidde i faga våre, og tilbyr deg moglegheita til å gå mot elleve ulike fagbrev. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

Utdanningsprogrammet gir stor variasjon og arbeidsmoglegheiter nasjonalt og internasjonalt. Det er gode forutsetningar for å finna yrket og bedrifta som passar for deg.

Du vil som elev hjå oss få opplæring tilpassa yrket du vil arbeida med. Me tilbyr alle studieretningar innan restaurant og matfag på vg1 og vg2.

 

Blåskjellrett

Informasjonsfilmar

Her kan du sjå filmar som viser litt av breidda me kan tilby.

 

Vg1 og vg2

Vg1 er felles for alle som vel restaurant- og matfag. Du vil som elev hjå oss få opplæring tilpassa yrket du vil arbeide med. Me tilbyr alle studieretningar innan restaurant og matfag på vg1 og vg2.

Restaurant- og matfag er faga for deg som er interessert i servering, matforedling og matproduksjon. Me tilbyr stor variasjon og breidde i faga våre, og tilbyr deg moglegheita til å gå mot elleve ulike fagbrev.

Hjå oss kan me tilby følgjande utdanningsval:

  • kokkfaget
  • servitørfaget
  • ferskvarehandlarfaget
  • bakarfaget
  • konditorfaget
  • industriell matproduksjon
  • kjøttskjærarfaget
  • pølsemakarfaget
  • sjømatproduksjon
  • slaktarfaget
  • ernæringskokkfaget
  • eller påbygging til generell studiekompetanse

Programfaga

I programfaga er det ei blanding av teoretiske og praktiske fag, der hovudvekta er på praktisk undervisning. Den praktiske undervisninga føregår på ulike arenaer. Dette kan vera på restaurant og matfag sitt eige kjøkken, skulen sin spisesal, i åkeren og urtebeda våre, i naturen eller i ulike bedrifter i nærmiljøet og rundt i landet.

I faget yrkesfagleg fordjuping kan elevane våre vera utplasserte i bedrifter. Elevane våre har vore på «heile vestlandet», samt austlandet, midt-Noreg, Frankrike, Italia & Spania.

Matfestivalar, matkonkurransar og bedriftsbesøk er noko me gjerne dreg på, og me er med på mange ulike arrangement og festivalar saman med elevane våre. Jevnleg arrangerer elevane selskap, julebord, lunsj og middagar både for elevar, føresette og andre gjester. Dei tilsette på restaurant- og matfag er inkluderande og sosiale, med mål om å byggje eit godt sosialt fellesskap med fokus på fagleg utvikling for elevane våre.

Bli lærling

Etter to å på skule kan du søkje læreplass i ei lærebedrift. Sjå
meir om det å bli lærling.

Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida om du vil studere vidare på høgskule/universitet.