Tilrettelagt opplæring

Opplæring med nettbrett.

Vi tilbyr tilrettelagt opplæring for elevar som har behov for det. Opplæringa er knytt opp mot eit utdanningsprogram og tar utgangspunkt i dei faga, eller delar av faga, som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.

Kvardagslivstrening

Skuletilbod for elevar med ulike hjelpebehov. Opplæringa er retta mot å meistre kvardagen og dyktiggjere eleven til eit framtidig tilrettelagt arbeids- eller aktivitetstilbod. Opplæringa legg vekt på at eleven skal verte mest mogleg sjølvstendig i kvardagen, både i arbeid, fritid og bustad.

Arbeidstrening

Skuletilbod til elevar som treng god struktur og ekstra tilrettelegging i skulekvardagen. Opplæringa skal førebu elevane til eit framtidig arbeid gjennom praktisk og teoretisk opplæring. Målet med opplæringa er at eleven skal meistre og kvalifisere seg til eit varig tilrettelagt, eller ordinært arbeid.

Ordninga krev at eleven har enkeltvedtak om spesialundervisning. Du kan søke via nettsida vigo.no og må i tillegg fylle ut eit søknadsskjema.

Søknadsfristen er 1. februar.
Ta kontakt med rådgjevar på ungdomsskulen for å få hjelp til å søke.

Avdeling for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune kan svare på spørsmål om tilbod og søking.

Grunnkompetanse med undervisning i eiga gruppe (HT)

Gruppene er for elevar med rett til spesialundervisning og som i utgangspunktet har mål om grunnkompetanse. HT-grupper har færre elevar og tettare pedagogisk oppfølging enn i ordinær klasse.

Læring gjennom praksis er ein sentral metode, og det vert lagt stor vekt på sosial læring og trening for framtidig arbeid. Elevane kan òg få praksis i arbeidslivet. For nokre elevar kan det vere aktuelt å gå ut i bedrift som lærekandidat, for andre kan det vere aktuelt å gå over til ordinær klasse på vg1 eller vg2.

Elevar i eiga gruppe (HT) kan få vurdering med karakter i einskilde fag dersom det er grunnlag for det
.