Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Sittegruppe med bokhyller i bakgrunnen.

Biblioteket har skjønnlitteratur, fagbøker og engelske bøker til utlån.

Me har sittegruppe til gruppearbeid og gode stolar der du kan slappe av i fred og ro. Me har også brettspel til bruk i biblioteket.

Skulebiblioteket er betjent:

  • Tysdag: kl. 08.00 - 15.30
  • Torsdag: kl. 08.00 - 15.30
    I tillegg siste fredag i kvar månad: kl. 08.00 - 15.30

Utlån av lærebøker

Når du startar på skulen må du underteikne ein lånekontrakt. Er du under 18 år må også føresette underteikne. Du kan då låne gratis lærebøker. Du er sjølv ansvarleg for det du har lånt. Om du mistar eller øydelegg noko må du erstatte det.
Her finn du låneavtale - pålogging med bankid.
Låneavtale i pdf-format.

Kjeldekritikk og kjeldebruk

Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder for informasjon. Men korleis kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.

Du kan ikkje klippe og lime andre sitt arbeid som ditt eige. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Det kan du lære meir om på nettsida til Nasjonal digital læringsarena, NDLA.

E-lån

E-lån er bøker du kan laste ned til nettbrettet eller mobilen din. Du kan også låne lydbøker. Last ned biblioteka sin app Bookbites, då kan du låne E-bøker gratis. Bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker.

Lånekort

Du kan få lånekortet på mobilen ved å laste ned Bibliofilappen. Då har du lånekortet tilgjengeleg på slik at du slepp å ha med det fysiske lånekortet ditt. Logg inn i appen med lånenummer og pinkode. Appen gir tilgang til alle bibliotek som brukar Bibliofil.

Søk etter bøker i katalogen

Søk etter bøker hjå Voss vgs

Spørsmål?

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Ingeborg som er bibliotekar:
e-post eller telefon 56 53 22 31/989 05 385