Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar


Treng du nokon å snakka med, kan du ta kontakt med helsesjukepleiar. Helsesjukepleiar har teieplikt, tilbodet er gratis og du får ikkje fråvær.

Fylgjande dagar (kl 09-14) er helsesjukepleiar på skulen:
Måndag (Amalie) – Tysdag (Maud) – Torsdag (Maud)
Amalie R. Fretheim mob:              41 86 30 67
Maud Brekkhus mob:                    41 86 30 56    

Du kan snakka med helsesjukepleiar om det meste:

  • vanskelige heimeforhold, eller utfordringar med nokon i familien
  • livsstil: søvnvanskar, fysisk aktivitet, kosthald, tobakk og rusmidlar
  • skulemeistring
  • om du er trist eller lei og har vanskelege tankar
  • konsentrasjonsvanskar, lærevanskar
  • vektvanskar, vanskelig forhold til mat og inntak av næring
  • rusmiddelbruk hjå deg sjølv eller nokon du kjenner
  • seksualitet og prevensjon
  • utsett for (eller vitne til) vald eller overgrep
  • vanskar med å bu i Noreg

Du kan tinga time på kontoret eller via kontaktlærar. Du kan òg stikke innom på kontoret deira som ligg i administrasjonsfløyen i 1. etasje.

Helsesjukepleiar har teieplikt, og tilbodet er gratis.
Tid hjå helsesjukepleiar reknast ikkje som fråvær når det er dokumentert.

Helsestasjon- og skulehelsetenesta

Helsetenesta utfører helsefremjane og førebyggande helsearbeid for ungdom mellom 16-20 år som bur eller oppheld seg i kommunen. Jordmortenesta er ein del av helsestasjonstilbodet.

Helsestasjonen kan hjelpe med å formidle kontakt og samarbeid med andre tilsette innan helsetenesta, barnehage, PPT, psykolog, tannhelsetenesta, sosialtenesta, fysioterapitenesta og andre tenester i heradet.

Helsestasjon for ungdom er gratis, og du treng ikkje bestille time.

Skulelege

Elevar skal nytta eigen fastlege. Dei som ikkje har fastlege på Voss bør få seg fastlege på Voss. Ynskjer du å byte fastlege må du logge deg inn på helsenorge.no

Helsesjukepleiar samarbeidar også med skulelege Petter Røhmesmo.

Er det akutt, er legevakta eit alternativ.