Hopp til hovedinnhold

Kantina

Kantina med kantinetilsette.

Kantina på Voss vidaregåande har lyse og trivelege lokale. Her er det plass til alle, anten du nyt den gode maten som er å få kjøpt eller om du et nista di.

I kantina vår kan du velja mellom mykje sunn og god mat. Menyen i kantina er variert, og prega av lokal mat. Me legg vekt på økologiske råvarer. Me serverer god, heimelaga mat av mest mogleg naturlege og reine råvarer.  Kantina ved Voss vgs skal vera ein sosial og attraktiv plass for elevar og tilsette; med mest mogleg heimelaga mat, laga med berekraftige råvarer og ureist mat frå skulen sin landbruksproduksjon.

Kantina har eit rikt utval i varm og kald mat, med dagens middag, smurt brødmat, internasjonale rettar, heimebakt, frukt og ein god salatbar. Det er eit godt utval anten det er til frukost, lunsj eller middag.

Frukost

Om morgonane vert det servert gratis frukost til elevane. 

Middag

Middag vert servert:
Måndag kl 14.15-15.30
Tysdag til fredag kl 15.00-16.00

Middagstilbodet er ope for alle.
Prisen for middag er kr 85. Om du ynskjer kaffi er den inkludert.
Velkomen!

Tilbod om "matpakke" på Voss vidaregåande skule

Kantina tilbyr «ei matpakke» med frukost og middag. Du kan også laga deg matpakke. For skuleåret 2023/2024 er prisen for denne matpakka kr 1800 pr mnd.

Betaling

Du kan betale med kort eller kontant.




Følg kantinovossvgs:
Instagram

Spørsmål?

Ta kontakt med kjøkkensjef Geir Helge.

Geir Helge Kristoffersen

kjøkkensjef