Hopp til hovedinnhold

Eksamensgjennomføring

Her finn du informasjon om praktiske opplysningar og tilrettelegging av eksamen.

Eksamen

Sentralt gitt skriftleg eksamen er ei sluttvurdering, der kandidaten skal få høve til å vise kompetansen sin ved å løyse ei oppgåve og/eller ei kompleks utfordring. Det er læreplanen som er utgangspunkt for utarbeiding av eksamensoppgåvene. Kompetansemåla i læreplanen er grunnlaget for vurdering av kompetansen kandidaten viser i eksamenssvaret.

Munnleg og munnleg-praktisk eksamen er ein lokalt gitt eksamen. Det betyr at organisering og eksamensoppgåver er eit lokalt ansvar.

Særskilt tilrettelegging ved eksamen

Har eleven krav på særskilt tilrettelegging til eksamen må eleven søke om det. 

Eleven kan søke om:

  • utvida tid
  • lesehjelp/opplest oppgåve
  • eige rom/kvilerom
  • evt. anna

Eleven må sende ny søknad for kvart år og leggje ved evt ny dokumentasjon.

Kva skjer om eleven ikkje møter til eksamen?

Dokumentert fråvær: Elevar som har gyldig fråvær (sjukdom med legeerklæring innan tre dagar etter eksamen) får tilbod om utsett eksamen. Denne vert gjennomført ved neste eksamensperiode (haust, vår). Elevar er sjølv ansvarleg for å melde seg opp til ein slik eksamen ved å ta kontakt med skulen.

Udokumentert fråvær: Elevar som ikkje møter til eksamen (eventuelt kjem for seint til eksamen) tapar standpunktkarakteren i det aktuelle eksamensfaget og må ta faget som privatist.

Kva skjer om eleven stryk til eksamen?

Då må eleven melde seg opp til ny eksamen i det aktuelle faget ved skulen. Ta kontakt med skulen om du vil ha ny eksamen. Om eleven ikkje melder seg til fyrste påfølgjande eksamen mister eleven standpunktkarakteren i faget og må ta faget som privatist. Om eleven tek eksamen i eit fag han/ho ikkje har standpunktkarakter i (IV) vert eksamen annullert og eleven må ta faget som privatist.

Vitnemål

Vitnemål vert gitt som dokumentasjon for bestått opplæringsløp og gir studiekompetanse. For å få vitnemål må alle fag og eksamenar som skal stå på vitnemålet, i samsvar med læreplanverket, vera bestått.

Kompetansebevis

Kompetansebevis vert skrive ut som dokumentasjon for vidaregåande opplæring i dei tilfella der vilkåra for å få vitnemål ikkje er oppfylte. Kompetansebeviset skal vise kva standpunkt- og eksamenskarakterar som er oppnådd på dåverande tidspunkt og kan skrivast ut etter Vg1, Vg2 eller Vg3.

Klagehandsaming

Elevar kan klage på standpunktkarakterar og eksamenskarakterar. Klagefrist er normalt 10 dagar frå offentleggjering av karakter: www.vestlandfylke.no/standpunkt.
Sjå også Karakterar og vurdering

UDIR sin eksamensplan