Hopp til hovedinnhold

Samarbeid skule-heim

Elevar i kajakk i elva.

Voss vgs ynskjer å ha eit nært og godt samarbeid med foreldra/føresette.

Voss vgs skal halde kontakt med foreldra/føresette til elevar som ikkje er myndige gjennom heile opplæringsåret. Ved oppstart får alle elevar tilbod om ein startsamtale med kontaktlærar.

Foreldremøte

Skulen har foreldremøte for Vg1 og Vg2 om hausten og på nyåret.

På desse møta vert det gjeve informasjon frå skulen si leiing og frå kontaktlærarane. I tillegg kan ein bestille samtaletid hjå kontaktlærar og faglærarar.

Me vil oppmode foreldre/føresette om å nytte dei foreldremøta skulen legg opp til for å få informasjon og vere i dialog om eleven si utvikling.

Karakterar

Elevar finn karakterane i VIS. Foreldre/føresette har innsyn i karakterane til sine barn via innlogging i VIS.

Fråvær

Fråværsgrensa gjeld for alle elevar i vidaregåande skule, men ikkje for lærlingar, lærekandidatar og vaksne. I korte trekk gjeld fylgjande:

  • Elevar i vidaregåande skule skal møte opp og delta aktivt i opplæringa.
  • Om ein elev har meir enn 10 prosent udokumentert fråvær i eit fag, vil han eller ho som hovudregel ikkje ha rett til halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i faget, og læraren kan heller ikkje setje slike karakterar.
  • Eleven må leggja fram relevant dokumentasjon for å få fråvær unnateke frå fråværsgrensa.
  • Om eleven har mellom 10 og 15 prosent udokumentert fråvær og årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at eleven ikkje skal kunne få karakter, kan rektor avgjera at han eller ho likevel skal få karakter.
  • Fråværsgrensa gjeld timetal i enkeltfag, ikkje elevane sitt totale fråvær.
  • Eleven skal få eit varsel om at han eller ho står i fare for å ikkje få karakter på grunn av fråvær.