Hopp til hovedinnhold

Hestefag

Elevar frå hestefag på ridetur i skumringa.

Hestefag - for deg som vil ha hest som hobby eller yrke!

Voss vgs ynskjer deg velkomen til ein ny og moderne stall, her er det plass til 18 hestar. I tillegg er det eige undervisingsrom, salmakarverkstad og klasserom der me kan ta inn hestar i undervisinga.

Me har ridehall, ein stor utekøyrebane og rundløype til trening av hestar. I nærmiljøet til skulen finn du Voss hestesportsenter som vart opna i 2019 med ny travbane, internasjonale mål på køyre- og ridebane samt flotte treningsløyper. Rundt skulen er det flotte moglegheiter for turridning.

Vg1 Hest

På Vg1 har me fokus på grunnleggande hestekunnskap i kombinasjon med utvikling av dine ferdigheiter innan bruk av hest. Du kan prøve ut ulike greiner innan hest og du kan sjølv velje å fordjupe deg i eit spesielt interessefelt 6 timar i veka. Det er ikkje nødvendig å ha med eigen hest, men om du har, ligg alt til rette for å oppstalla hest i skulestallen.

Hestefaget kan kombinerast med både generell og spesiell studiekompetanse. Etter Vg1 kan du gå vidare til Vg2 hest, eller du kan velja ei av dei andre Vg2-linjene på Naturbruk.

Vg2 Hest

– for deg som vil ut i lære eller gå vidare på Vg3 og til dømes verta veterinær!

På Vg2 får du vidareutvikla grunnkompetansen du har tileigna deg på Vg1 hest. Skulen tilbyr hest i skogen, turridning med overnatting, grunnleggjande dressur og sprang og køyring etter interessefelt, naturleg hestehald, temming av unghest, salmaking, enkel hovslagning og meir.

Skulen tilbyr og internasjonalisering gjennom Erasmus+ stipend og utplassering i hestebedrifter på Vg2.

Hestefaget kan kombinerast med både generell og spesiell studiekompetanse. Dersom du ynskjer spesiell studiekompetanse brukar du timane i valfag til matematikk, biologi og kjemi. Etter vg2 kan du gå vidare til vg3, eller du kan gå ut i lære og ta fagprøve etter 2 års læretid. Våre tidlegare elevar har etter hestefaget vidareutdanna seg til travtrenar, hovslagar, ridelærar, politi, lærarar, veterinær, sjukepleiar, fysioterapeut men og andre yrker.

Ynskjer du å bli betre kjent med hestefaget før du vel vidaregåande skule er du hjarteleg velkommen på besøk til oss.

Følg hestelinjavoss:
Tik Tok      Instagram