Hopp til hovedinnhold

Foreldremøte vg1 og vg2

Me inviterer foreldre/føresette til elevar på vg1 og vg2 til foreldremøte tysdag 10. februar kl. 18:00 med foredrag av Marco Elsafadi.

Marco Elsafadi er tidlegare toppidrettsutøvar, vinnar av «Mesternes mester» og ein av landets mest engasjerande formidlarar om ungdom, motivasjon og relasjonar.

Elsafadi er kjend for å kombinere varme, humor og tydeleg bodskap som gjer inntrykk. Han løftar fram korleis vi som vaksne kan vere gode støttespelarar i ei krevjande og spennande ungdomstid, og korleis små grep i kvardagen kan skape ein stor forskjell.

Ynskje om samtale med kontaktlærar/faglærar?
Me ønskjer ein tett dialog med foreldra til elevane ved skulen vår, og vil gjerne snakke med dykk. Dersom du tek i mot tilbodet om ein samtale med kontaktlærar og/eller faglærarar, avtalar du tid med den aktuelle læraren på førehand.

Vel møtt!