Dersom du er over 19 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, har du rett til vaksenopplæring og kan få tilbod om gratis opplæring. Andre kan også søkje og kan få tilbod om opplæring dersom det er ledige plassar.
Me tilbyr:
Kokkfaget:
- Vg1, Vg2, Vg3 - Restaurant og matfag/ til kokk (MFY)
Kursstad: Voss vgs og ute i bedrift.
Vaksengartnar:
- Vg2 - Landbruk og gartnarnæring retta mot gartnarar
- Vg3 - Kurs i Gartnarfaget
Undervisning på deltid med 9 samlingar i løpet av eit år.
Kursstad: Hardanger produksjonsskule, Ulvik.
Ynskjer du opptak for 2026/27 registrerer du søknaden din i vigo.no
Søkjarar frå andre fylker må ta kontakt med skulen/RLT Vestland indre sin rådgjevar for vaksenopplæring, Jannicke Ophaug, e-post: jannicke.ophaug@vlfk.no
Søknadsfrist: Det er mogleg å søkje heile året. Arbeidet med inntaket startar 1. mars, søknadar blir prioritert etter søknadsdato.
Inntak til ledige plassar skjer løpande ut september.
Sjå oversikt over vaksenopplæringstilbodet i Vestland fylke.
Her finn du meir informasjon om:
Undervisning og andre læremiddel er gratis for alle som får plass.
Ta gjerne kontakt med Rettleiingstenesta Vestland indre dersom du har spørsmål om søknadsprosess og/eller studieval.


