Hopp til hovedinnhold

Elevundersøkinga

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevane får seie meininga si om læring og trivsel på skulen. Det er obligatorisk for skulen å gjennomføre undersøkinga. Elevundersøkinga vert gjennomført i perioden 19. oktober -13. november 2026.

Det er frivillig for elevane å delta i elevundersøkinga, og dei kan hoppe over spørsmål dei eventuelt ikkje ønskjer å svare på. Elevane oppgir ikkje namn eller fødselsnummer i undersøkinga.

Svar frå elevundersøkinga blir brukte til å følgje opp skulemiljøet og trivselen til elevane.

Utdanningsdirektoratet har ansvar for at svara blir lagra og brukte på ein forsvarleg måte. Resultata kan nyttast til forsking og statistikk.

Hjå Utdanningsdirektoratet finn du meir informasjon om elevundersøkinga.