Fyrste skuledag ved Voss vgs er måndag 17. august 2026.
Her finn du praktisk informasjon til skulestart:
Elev-pc
Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan kjøpe rimelegare PC gjennom
Vestland fylkeskommune. Meir informasjon finn du her:
https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/
Skuleskyss
Her finn du informasjon om:
Skuleskyss i vidaregåande opplæring.
Stipend
Som elev i vidaregåande skule søkjer du om stipend. Mellom anna har alle elevar rett til utstyrsstipend. Dette stipendet skal særleg gå til å kjøpa pålagt personleg verneutstyr og anna utstyr som er nødvendig i opplæringa. Informasjon om dette finn du hjå Lånekassen.
Kantine
Voss vgs har ei kantine med variert meny. Her kan alle elevar få gratis frukost, og det er
mogleg å kjøpe seg både lunsj og middag i vekedagane (måndag – fredag).
Bokskåp/garderobe
Elevar får tildelt bokskåp og garderobeskåp. Til desse skåpa må du
ha med deg eigen hengelås.
Lærebøker
Lærebøker som vert nytta i undervisninga får du låne ved biblioteket på skulen. For å
låne bøker må du signere elektronisk lånekontrakt: Låneavtale for lån av lærebøker og anna utstyr.
Internat
Det er felles internat for dei vidaregåande skulane på Voss. Informasjon om internattilbodet og søknadsskjema finn du her.
Skulereglar
Skulereglar for vidaregåande skular i Vestland fylke finn du her.