Hopp til hovedinnhold

Villmark

Villmarkselevar på kajakktur.

Villmarkslinja er for deg som ynskjer ein naturleg veg til studiekompetanse.

Ei vidaregåande utanom det vanlege – for deg som elskar eventyr

Likar du å vere ute i naturen? Har du lyst på ein skulekvardag der du lærer gjennom opplevingar, ikkje berre teori? Då vil Villmarkslinja vere eit godt val for deg.

Villmarkslinja er eit studieførebuande tilbod der du får generell studiekompetanse, og der du òg kan velja fag som gir spesiell studiekompetanse. Samstundes får du ein variert skulekvardag med friluftsliv og natur som læringsarena.

På VG1 Villmark kombinerer vi skule og friluftsliv. Klasserommet er ofte fjellet, skogen eller elva, der du lærer om naturlege samanhengar og får innsikt i korleis vi menneske påverkar verda rundt oss. Læringa skjer gjennom både teori og praktiske opplevingar i naturen.

Frå første veke får du prøve mange ulike aktivitetar:

  • Fjellturar – lær orientering, trygg ferdsel og hausting i naturen

  • Skiturar – utvikle gode skiferdigheiter og lær om turplanlegging, snøforhold og skredfare

  • Kano og kajakk – lær teknikk og tryggleik på vatnet

  • Jakt og fiske – forstå berekraftig bruk av naturressursar

  • Klatring – utfordre deg sjølv og arbeid med samarbeid og tryggleik

På VG2 Villmark tek du steget vidare og lærer å planleggje og leie turar. Du arbeider med tema som brevandring, fiskeforvaltning og entreprenørskap, og kan velje valfag innan mellom anna jakt, fiske, elvepadling, ski og klatring.

Skulekvardagen

Gjennom dei to første åra har du i snitt to og ein halv dag i veka med villmarksfag (programfag), og resten av tida med vanlege fellesfag. Ønskjer du spesiell studiekompetanse, kan du byte ut ein dag med realfag.

Men noko av det som kjenneteiknar Villmarkslinja mest, er turlivet. Kvart skuleår søv elevane ute om lag 15 netter, i snøhole, telt eller under open himmel. Dette gir ekte erfaring med friluftsliv, læring gjennom meistring og gode føresetnader for vidare studium. Turane varierer frå dagsturar til lengre ekspedisjonar i ulike miljø og årstider.

Etter VG1 og VG2 Villmark går elevane vidare til VG3 studieførebuande, der dei fullfører fellesfaga som gir grunnlag for å søkje høgskule eller universitet.

Villmarkslinja kan vere eit godt utgangspunkt for utdanning og yrke innan mellom anna:

  • Natur, miljø og friluftsliv
    Naturforvaltning, miljøfag, friluftsliv, reiseliv og guideverksemd
  • Samfunn, beredskap og pedagogikk
    Politi, forsvar, lærarutdanning og andre samfunnsretta studium
  • Realfag og teknologi
    Ingeniørutdanningar, veterinær og andre studium som krev spesiell studiekompetanse

Villmarkslinja passar for deg som:

  • Likar å vere ute og trivst med friluftsliv

  • Ønskjer å lære gjennom praktiske opplevingar

  • Vil ha ein variert og aktiv skulekvardag

  • Er motivert for utfordringar og meistring

  • Ønskjer å vere ein del av eit tett fellesskap

Tre år med eventyr, læring og studiekompetanse – er du klar?

Må eg vere god til friluftsliv? 
Nei, kvart år får me elevar med alt frå ingen til mykje erfaring, og det går veldig fint. Alle skal gjennom basisferdigheiter, og lærer mykje av kvarandre. Etter tre år på villmark sit alle att med god kompetanse og brei erfaring innan friluftsliv. 

Kva for utstyr treng eg? 
Du treng vanlege turklede, fjellski, sovepose og liggeunderlag for vinterbruk. Du kan fint kjøpe brukt eller kanskje finne noko i skapet heime. Om du ikkje har alt til skulestart gjer det ingenting, lærarane hjelper deg å velje rett utstyr. Du treng ikkje kjøpe telt, primus, kajakk, skredutstyr, toppturski osv. skulen har det du treng av slikt. 

Kor mykje av tida er det villmarksfag? 
På VG1 og VG2 er det tre dagar i veka med villmarksfag, og to dagar med fellesfag (norsk, matematikk, naturfag, osv). Hvis du ønskjer spesiell studiekompetanse blir ein av villmarksdagane bytta ut med ein realfagsdag.
På VG3 går ein påbygg, så då er det meir fellesfag, men du kan velje friluftsliv som valfag med fem timar i veka.

Får eg studiekompetanse? 
Ja, alle som fullfører villmarkslinja får generell studiekompetanse, som blir kravd for å kome inn på dei fleste høgare studiar i landet.
Me tilbyr også spesiell studiekompetanse, viss du ønskjer å bli til dømes ingeniør, veterinær eller andre yrke som krev ekstra realfag. 

Kor store og mange klasser er det? 
Klassane er på 15 elevar, så me får eit godt og tett miljø i klassen, der alle kjenner alle. Dei siste åra har det vore to parallellklassar på kvart trinn, og så lenge det er nok søkjarar held me fram med det. 

Kor kan eg bu? 
Om du ikkje er frå Voss kan du bu på internatet, der er det eit godt og sosialt felleskap mellom elevar som går villmark og andre linjer på skulen. Det er også mogleg å leige hybel på Voss. Det er ganske vanleg å bu på internatet når ein går VG1, og flytte på hybel etter det. 

Får eg mat på skulen? 
Skulen har eit mattilbod som ein kan abonnere på, då får ein frukost, matpakke og middag på skulen. For dei som ikkje har mattilbodet er det likevel gratis havregraut i kantina kvar morgon. 

Eg kjenner ingen som går der 
Du er ikkje ålene, kvart år byrjar elevar som ikkje kjenner nokon. Det varar som regel ikkje meir enn eit par dagar før du har vener i klassen, parallellklassen og på internatet. 

Velkomen til villmarkslinja! 

Utstyr du treng dei 14 fyrste skuledagane. Er det noko du treng å kjøpe, anbefaler me at du ventar til etter skulestart.
  • Fjellsko
  • Turbukse og genser
  • Ullstilongs og ulltrøye
  • Lue, hanskar/vottar og buff/skjerf
  • Ullsokkar
  • Vass- og vindtett jakke og bukse
  • Sovepose (skal du kjøpe ny, ta kontakt for råd)
  • Liggeunderlag (vanleg skumunderlag fungerer fint)
  • Hovudlykt
  • Kniv (kniv frå byggevare eller liknande er heilt fint)
  • Kompass
  • Vassflaske
  • Tallerken, kopp og bestikk
  • Termos
  • Solbriller og solkrem
  • Dagstursekk, minst 30 liter

Utstyrsliste villmarkslinja

På villmarkslinja brukar me ein del utstyr til dags- og overnattingsturar. Som regel har du det du treng heime, eller du kan få lånt av familie og vener.

Er det noko du treng å kjøpe, anbefaler me at du ventar til skulestart. Eller du kan sende ei melding til ein av villmarkslærarane og spørje, det er så dumt å kjøpe feil. Me anbefalar videre å kjøpe brukt, både for å spare miljøet og økonomien.

Følg villmarkslinja Voss vgs:
Tik Tok      Instagram      Facebook