Hopp til hovedinnhold

Utstyrsliste villmarkslinja

På villmarkslinja brukar me ein del utstyr til dags- og overnattingsturar. Som regel har du det du treng heime, eller du kan få lånt av familie og vener. Er det noko du treng å kjøpe, anbefaler me at du ventar til skulestart. Eller du kan sende ei melding til ein av villmarkslærarane og spørje, det er så dumt å kjøpe feil. Me anbefalar vidare å kjøpe brukt, både for å spare miljøet og økonomien.

 

Utstyr du treng dei 14 fyrste skuledagane. Er det noko du treng å kjøpe, anbefaler me at du ventar til etter skulestart.
  • Fjellsko
  • Turbukse og genser
  • Ullstilongs og ulltrøye
  • Lue, hanskar/vottar og buff/skjerf
  • Ullsokkar
  • Vass- og vindtett jakke og bukse
  • Sovepose (skal du kjøpe ny, ta kontakt for råd)
  • Liggeunderlag (vanleg skumunderlag fungerer fint)
  • Hovudlykt
  • Kniv (kniv frå byggevare eller liknande er heilt fint)
  • Kompass
  • Vassflaske
  • Tallerken, kopp og bestikk
  • Termos
  • Solbriller og solkrem
  • Dagstursekk, minst 30 liter

 

Utstyrsliste heile skuleåret

  • Sykkel
  • Sykkelhjelm
  • Fjellsko
  • Turbukse og genser
  • Ullstilongs og ulltrøye
  • Lue, hansker/vottar og buff/skjerf
  • Ullsokkar
  • Vass- og vindtett jakke og bukse
  • Sovepose (skal du kjøpe ny, ta kontakt for råd)
  • Liggeunderlag (vanleg skumunderlag fungerer fint)
  • Hovudlykt
  • Kniv (Kniv frå byggevare eller liknande er heilt fint)
  • Kompass
  • Kart over Voss (1:50 000 vert selt på sportsbutikkar på Voss)
  • Vassflaske
  • Tallerken, kopp og bestikk
  • Termos
  • Solbriller og solkrem
  • Dagstursekk, minst 30 liter
  • Storsekk, minst 60 liter

Når me gjer aktivitetar som jakt, fiske, klatring, padling og anna som krev spesielt utstyr, har skulen dette. Har du frå før og vil bruke ditt eige er det heilt greit, men du treng ikkje skaffe deg.


Vinterutstyr

  • Fjellski, stavar og sko
  • Vintersovepose (eventuelt dobbel sommarpose)
  • Ekstra liggeunderlag
  • Spade
  • Søkestang
  • Ullvottar
  • Skismurning
  • Skibriller

Me får også ein del spørsmål om utstyr som GPS, skredsøkar, telt, primus, toppturski, pulk osv. Du treng ikkje noko av dette. Skulen har til utlån, med unntak av toppturski, men her klarar me oss fint med fjellski.