Skulestart ved Voss vidaregåande skule er 15. august 2024.
Elev-pc
Alle elevar i vidaregåande skule skal ha eigen PC. Du kan kjøpa rimelegare PC gjennom
Vestland fylkeskommune når du skal skaffa deg pc. Informasjon om ordninga finn du her: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc
Stipend
Som elev i vidaregåande skule har du rett til stipend. Mellom anna har alle elevar rett til
utstyrsstipend. Dette stipendet skal særleg gå til å kjøpa pålagt personleg verneustyr og
anna utstyr som er nødvendig i opplæringa. Informasjon om dette finn du her:
https://lanekassen.no/nn-NO/stipend-og-lan/noreg/vidaregaande-skole
Skuleskyss
Hugs å søkja om skuleskyss før skulestart. Informasjon om skuleskyss finn du her.
Internat
Dei to vidaregåande skulane på Voss har eit eige internat, Rogne internat, der elevar som ikkje har heime-adresse på Voss, kan leiga hybel. Info om internattilbodet og søknadsskjema finn du her.
Kantine
I skulen si kantine kan alle elevar eta frukost, og det er mogleg å kjøpa seg både lunsj og middag i vekedagane.
Garderobe/bokskap
Alle elevar får tildelt kvar sitt bokskap og kvar sitt garderobeskap. Til desse skapa må du
ha me deg eigen hengelås.
Lærebøker/ Låneavtale
Alle lærebøker som vert nytta i undervisninga, får du låna ved biblioteket på skulen.
Låneavtale skal signerast digitalt. Når elevane er under 18 år skal i tillegg føresette
signera digital avtale for lån av læremiddel:
https://skjema.vlfk.no/opplaering/person/lanekontrakt_elev
Helseteneste
Skulen har eige helseteneste og psykolog med kontor på skulen.
Skulerute og timeplanar
Info om skulerute og timeplanar.
Skulereglar
Felles skulereglar med ordens- og åtferdsreglement for Vestland fylke:
https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/lover-reglar-og-rettleiingar
https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/hjelp-i-skulekvardagen/elev--og-larlingombodet/elev
Ta kontakt med skulen på e-post eller telefon dersom det er noko du lurar på!