Hopp til hovedinnhold

Berekraftsveka 2023

Elevar teiknar dekor til berekraftsveka.

Berekraftsveka 2023 vart sparka i gang med minikonsert og inspirerande føredrag. Denne veka jobba elevane tverrfagleg med temaet berekraftig utvikling.

I berekraftsveka har elevane vore med på mange kjekke aktivitetar i ei annleis skuleveke. Kompetansen elevane tileigna seg er ikkje berre viktig for kvar enkelt, men og sett i eit større samfunnsperspektiv!

Bygg- og anleggsteknikk har hatt fokus på korleis ein kan gjera byggebransjen meir berekraftig. Me har jobba med korleis ein kan gjenbruka byggevarer, og hatt om sliping av håndverktøy. Tømrarane hadde temaet gjenbruk av skifer som taktekking. Betong- og mur jobba med temaet " kan me gjera betong meir berekraftig".

Avdeling for tilrettelagt opplæring laga gjenbruksmarknad på skulen.


Landbruksfag har hatt fokus på bioenergi knytta til landbruket. Dei har mellom anna vore på besøk til Voss gardsslakteri og sett på deira flisfyringsanlegg, til Hordaland bioenergi og til biogassanlegget til Voss reinseanlegg. Dei presenterte det dei har lært til dei andre elevane på skulen, på sin stand i berekraftsveka.

Elevar på elektrofag utvikla sin elektro- og digitale kompetanse gjennom kjekke praktiske oppgåver. Elektrofagelevane utfordra dei andre elevane på skulen til å produsera energi og reflektera over kor mykje og kva det kan nyttast til. Er det like enkelt å produsera energien som å bruka den? 


Restaurant- og matfag sitt fokusområde har vore korleis ein kan nytta ein heil kalv. Den økologiske kalven vart kjøpt frå Larsastova i Folkedal, og har blitt nytta til å laga smaksprøver av råvarer som i dag sjeldan blir brukt. Elevane fekk smaka rettar som inneheldt: tunge, hjarte, lever, nyrer, lunger og hale, og elevane vart svært positivt overraska over kor godt det faktisk var. Det er dessverre fleire av desse råvarene som i dag er ein unytta ressurs og som me i eit berekraftig perspektiv absolutt bør nytta oss meir av!