Hopp til hovedinnhold

Elevarbeid ved byggfag skuleåret 2024-2025

Garasje under oppføring.

Byggfag tek på seg oppdrag for neste skuleår.

Passande arbeid for bygg- og anleggsteknikklinja kan vera garasje eller carport med betongarbeid, eller større bygg med innreiingsarbeid. Me ynskjer og mindre bygg som reiskapsbu o.l. Sidan skulen har eiga linje i betong- og murarfaget, er me spesielt ute etter oppdrag innanfor desse faga. Passande arbeid for betong- og murarlinja kan vera forstøtningsmurar, mindre bygg i betong eller leca.

Søknadsskjema finn du her i docx-format og pdf-format, eller du kan ta kontakt med skulen på telefon 415 40 274.
Søknadsfrist: du kan søkje fram til midten av mai.