Torsdag 24.november hadde Voss vidaregåande skule sin årlege lærlingekonferanse. Dette er ein viktig dag for Vg2 elevane våre som etter dette skuleåret skal ut i lære.
Vg2 elevane har vore ute i sin fyrste praksisperiode i faget yrkesfagleg fordjuping, og mange har alt begynt jakta på læreplassen sin.
Varaordførar Sigbjørn Hauge innleia lærlingekonferansen med å fortelja elevane kor viktig det er, og vil fortsatt bli, å ta eit fagbrev. Behovet er aukande, ikkje berre her lokalt på Voss, men og regionalt.
Varaordførar Sigbjørn Hauge innleia lærlingekonferansen med å fortelja elevane kor viktig det er, og vil fortsatt bli, å ta eit fagbrev. Behovet er aukande, ikkje berre her lokalt på Voss, men og regionalt.
På lærlingekonferansen hadde me besøk av Indre Hordaland opplæringskontor ved Randi Ulleland, elev og lærlingombod Venke Nordeide og rettleiingstenesta i indre Vestland Grethe Sjøberg Hernes. Felles for desse instansane er at dei jobber med lærlingane sine rettar og pliktar, og passer på at lærlingane har det bra i si bedrift og at dei får den opplæringa dei skal ha.
Ein viktig del av lærlingekonferansen er at elevane får besøk av bedrifter og opplæringskontor som fortel om behovet for lærlingar og korleis det er å vera lærling i desse bedriftene. Me har svært mange samarbeidsbedrifter lokalt, men og nasjonalt, som ynskjer å koma til Voss vidaregåande skule for å snakka med Vg2 elevane våre og prøva å få det til å søkja seg til sine bedrifter.
Me må få takka dei bedriftene saman med lærlingar som ville bruka tida si med Vg2 elevane våre denne dagen.
Spordrift, Seimen as, Johs. Øvsthus as, Arkoconsult as, OL-Kythe, Spilde as, Equinor, Tizir Odda, Vonett, Vangen elektriske, Scania Norge, Gentec og Bilbransjen Voss. Takk og til opplæringskontora som tok turen til Voss vidaregåande skule, Indre Hordaland opplæringskontor, Byggopp Vestland, Byggenæringens servicekontor og PRO-Vestland.