Frå og med skulestart i august 2023 kan elevar med rett til fri skuleskyss velje å få skuleskyssbilletten sin i Skyss billett-appen. Løysinga er valfri og elevar som ønskjer det, kan fortsetje med dagens løysing med kort.
Elevar som berre treng buss og bur utanfor ungdomsbillettområdet, kan søkje om skuleskyss sjølv via sjølvbetjeningsportalen på www.skuleskyss.vlfk.no og logge inn som ELEV.
Sjå kva du som elev treng å gjere for å få skuleskyssbillett på mobilen.