Hopp til hovedinnhold

Det du treng å vite...

Kunstdetalj i metall.

Voss vidaregåande skule er ein framtidsretta læringsstad med flotte, nye undervisningsrom og gode læringsforhald.

Skulen

Voss vidaregåande skule er ein regionskule med eit breitt fagtilbod, og er ein
utdanningsinstitusjon som har mykje å tilby lærevillige elevar.

Me tilbyr både yrkes- og studiespesialiserande fag, arbeidstrening og ikkje minst har me velutvikla internasjonalt samarbeid med fleire skular og arbeidsplassar i heile Europa.

Framtidsretta utdanning

Me er opptekne av å tilby alle elevar ei så god og framtidsretta utdanning som mogleg. For å få dette til har me læremiddel, utstyr og undervisningsarenaer som er moderne og stimulerer den enkelte elev til læring.

Som elev ved Voss vidaregåande skule vil du vera ein del av vårt faglege og sosiale miljø der du får utvikla kompetanse og kunnskap innan det fagfeltet du interesserer deg for.

Voss vgs er ein av dei største yrkesfaglege skulane i indre Vestland og tilbyr i alt fem av dei åtte yrkesfaglege utdanningsprogramma. Skulen har omlag 400 elevar. Forutan dei yrkesfaglege utdanningane, tilbyr me også studieførebuande utdanning der elevane kan få både generell og spesiell studiekompetanse.

Klar til næringsliv og høgare utdanning

Voss vgs er skulen som gjer deg klar til næringsliv og høgare utdanning!
Med utgangspunkt i visjonen til skulen – attraktiv og framtidsretta – legg me sterkt fokus på at både læringsmiljøet og det sosiale miljøet ved skulen er særs godt tilpassa alle våre elevar. Me arbeider for at all undervisning i alle fag, både teori og praksis, har høg kvalitet
og er så framtidsretta at elevane våre skal vera klare til å møta arbeidslivet sine behov for
framtidig kompetanse.

Voss vgs tek mål av seg å vera eit ‘akademi for kloke hender og kreative hjernar’, og me ynskjer å vera med å utdanna morgondagens beste fagarbeidarar, og ikkje minst; sikra oss at elevane fullfører og består med brei kompetanse for både arbeidsliv og vidare studiar.

Les om skulen si historie

Kvar finn du oss

Skulen er lokalisert i Skulestadmo (3 km frå sentrum) og ligg like ved idylliske Lundarvatnet.

Dersom du treng ein stad å bu når du går på skule, har me Rogne internat. Her kan du sjå meir om internatet.

Ekspedisjonen

Skulen sin ekspedisjon er open måndag - fredag kl. 08.30 - 13.00.

Skulemiljø

Me jobbar for eit godt og inkluderande skulemiljø. I fellesareala har me ulike aktivitetstilbod. I Hjarterommet i 1. etg. har me eit air hockeybord, og me har eit bordtennisbord til bruk for alle elevar i fellesarealet i underetasjen.

Tilgjenge

På nettsida til Bygg for alle kan du lese om tilgjenge ved skulen.