Hopp til hovedinnhold

Historie om skulen

Elevar i kajakk på fjorden.

Moderne læring i vakre omgjevnadar! Voss vidaregåande skule er ein moderne yrkesfagleg skule i Vestland fylke som stod ferdig skuleåret 2016-17. Skulen som er lokalisert i Skulestadmo (3 km frå sentrum) ligg vakkert til omkransa av idylliske Lundarvatnet og Lønahorgi – og har plass til om lag 400 elevar.

Topp moderne

Du som kjem til skulen vil møta fine klasserom og undervisningshallar og topp moderne maskiner og utstyr. Skulen si hovudmålsetjing er å skapa ein fagleg møteplass der skule og arbeidsliv samarbeider tett om fagutviklinga og innhaldet i undervisninga. Opplæringa skal for alle utdanningsområda vera prega av at den er framtidsretta og røyndomsnær i både innhald og arbeidsmetodikk.

Regionalt tilbod innan yrkesfag

Voss vidaregåande skule skal vera det regionale tilbodet innan yrkesfag, og står fram som ein framtidsretta læringsstad. Vår hovudoppgåve er å kvalifisera elevane til arbeid i det lokale og regionale næringslivet.