Hopp til hovedinnhold

Informasjon om lån og stipend

Dei som skal ta utdanningar i Noreg, kan sjekke kor mykje dei kan få i lån og stipend hjå Lånekassa. Og avgangselevar ved vgs som har fått studieplass ved høgskule/universitet kan no søkje Lånekassa om lån og stipend.

Dei som skal ta utdanningar ved vgs eller høgskule/universitet i Noreg, kan sjekke kor mykje dei kan få i lån og stipend hjå  Lånekassa (lanekassen.no)

Avgangselevar ved vgs som har fått studieplass ved universitet eller høgskular kan no søkje om lån og stipend. Dei som ikkje har studieplass enno, må vente med å søkje til dei har fått plass.
Her kjem du til søknadssida for universitet og høgskular: Søknad for universitet og høgskule (lanekassen.no)

Studentane kan sjølve sjekke kor mykje dei kan få i støtte.
Du kan få hjelp i søknadsprosessen på lanekassen.no utan å logge inn eller sende søknad.